Avløysaryrket
Dersom du ynskjer å arbeide i landbruket ta kontakt med avløysarlaget.
Gjennom avløysarlaget/landbrukstenesten får du som avløysar ordna arbeidsforhold. Det gjeld anten det er arbeid på heil- eller deltid. Laget sørger for avtalar, løn, forsikring, arbeidsplan og ordna fritid.
Det stilles ulike krav til kompetanse i forhold til faste stillingar, landbruksvikarar og dei som vil arbeide deltid eller som tilfeldig hjelp.
Avløysarlaget/landbrukstenesten kan organisera opplæring og kurs. Laget skal også arbeide for trivsel og tryggleik i arbeidet.
NB! Bonden har alltid ansvaret for arbeidsmiljøet på sitt bruk.
Er avløysaryrket noko for deg?
Her er ein liten presentasjon om avløysaryrket, ta ein kikk og sjå om dette kan vera eit yrke du tykkjer er interessant ?