Pressemelding – Staten sitt tilbod til jordbruksforhandlingane 2021

Staten har i dag levert sitt tilbod til jordbruksforhandlingane 2021.

Tilbodet har ei ramme på 962 millionar, mens kravet frå jordbruket var 2,1 milliardar.

Innanfor velferdsordningane er det i tilbodet foreslått ei auke i tilskott til ferie/fritid på 2,33 % og heving av maksimalbeløp frå 85 800 kroner til 87 800 kroner. På dei to siste åra har dermed tilskott til ferie/fritid følgt kostnadsutviklinga til arbeidskraft, noko som ikkje er noko styrking av ordninga. Vi ser at staten og i sitt tilbod framheve regjeringa si vektlegging av gode velferdsordningar, men stillstand er ikkje framgang.

Vi registrerer diverre at det for andre år på rad ikkje er tilbod om auke i dagsats ved tilskott til sjukdomsavløysing. Kostnader til arbeidskraft har auka med ca. 5 % i same tidsrom, noko som føre til ein høgare eigendel per dag for bonden.

Jordbruket sitt forhandlingsutval har i sitt krav foreslått ei auke i dagsats på 150 kroner, som ville bidratt til å dekke delar av den eigendelen bonden må betale ved langvarig sjukdom. Dette var berekna til ein kostnad på 1,4 millionar når ein tek omsyn til prognose for forbruk. Norske Landbrukstenester meiner at dagsats ved sjukdom bør aukast med 365 kroner, for å redusere eigendelen den einskilde bonde må dekkje ved sjukdom endå meir. Ein langvarig sjukdomsperiode kan føre til store økonomiske tap. Basert på jordbruket sitt krav ville ei slik auke medføre ei ekstra bevilgning på 3,4 millionar.

Vi har og bedt om at det i budsjettet vert øyremerka 1 million til kursing av avløysarar og landbruksvikarar for å erstatte KIL-midlar som er fasa ut. Desse kursa er viktig i samband med nyrekruttering og etterutdanning av kvalifisert arbeidskraft. I fastsettingsbrevet i samband med innføring av ny forskrift for nasjonale tilretteleggingsmidlar til næringsutvikling og kompetanseheving i landbruket, ytrer Landbruks- og matdepartementet følgjande;

«Departementet er enig i at det er viktig å sikre god kompetanse blant avløsere og landbruksvikarer. Dersom jordbruksavtalepartene mener at det fremover i tid er behov for å gi tilskudd til drift av kurs for landbruksvikarer og avløsere, vil det være mulig å drøfte dette i forbindelse med de årlige jordbruksoppgjørene. Spørsmålet om støtte til til drift av kurs til landbruksvikarer og avløsere er således i all hovudsak et budsjettmessig spørsmål.»

Jordbruket sitt forhandlingsutval har i sitt innspel bedt om ei øyremerking av 1 millionar kroner til avløysarkurs. Vi kan ikkje sjå at staten har følgt opp dette i sitt tilbod.

Norske Landbrukstenester

For meir informasjon, ta kontakt med styreleiar Inge Martin Karlsvik tlf. 952 64 979, eller dagleg leiar Frode Alfarnes tlf. 907 39 937.